Vi fortsett flygelfesten og inviterer til konsert !
Dag-Filip Roaldsnes er ein norsk pianist og komponist med mastergrad i utøvande jazzpiano frå Norges musikkhøgskule, der han studerte hos Misha Alperin. For sitt debutalbum "Først" fekk Roaldsnes Ungjazzprisen i 2012, og kom på lista over årets jazzdebut av Terje Mosnes i Dagbladet.
Som musikar har han samarbeida med Edvard Hoem, Jorun Marie Kvernberg og Hanna Paulsberg. 4. september 2020 lanserte Dag-Filip Roaldsnes sitt nye album Resonans på NORCD. Med "Resonans" markerer Roaldsnes slutten på ein trilogi ("I eit landskap" 2016 og "Først" 2012).
“I eit landskap" kan trygt beskrives som nok et betydelig steg for den 31-årige pianisten/komponisten, som allerede i 2012 ble hedret med Ungjazzprisen.” - Terje Mosnes, jazzinorge.no
“Det er et fin-fint, personlig album der melodiene gir en gjenklang av glede og melankoli” – Audun Vinger, omtale av “Resonans”, Jazznytt
Denne hausten skal Roaldsnes spele ei rekke solo pianokonsertar i forbindelse med utgivelsen av ”Resonans”. På desse konsertane vil han spele komposisjonar frå sine siste album, samt improvisasjonar og salmer.
Solo piano er eit krevende format, eit intimt format, eit fantastisk format.
Du har 88 tangenter, eit nytt flygel i kyrkjerommet i Vågøy og storhavet rett ut.
Velkommen til konsert!
Mi heimeside- http://dfroaldsnes.no/
Intervju med Terje Mosnes om siste albumet- https://jazzinorge.no/.../nar-alle-gode-ting-endelig-er-tre/
Billett voksen kr. 220,- Barn u.18 år/stud. kr. 100,- Kulturskoleelevar-gratis.
Pga coronarestriksjoner ber vi om at flest mulig kjøper billett på forhånd (også gratisbill.) på https://konsertivaagoykyrkje.hoopla.no/sales/2083405099... Billettsal også ved inngang-kontant eller vipps